Den norrøne litteraturen

Norrøn mellomalder
Prosalitteratur
Snorre Sturlason
Den norrøne poesien
Annan norsk litteratur

Norrøn mellomalder

Runeinnskrift
Stein med runeinnskrift

Sjølv om Romarriket gjekk under i 476 e. Kr., var latinen framleis det leiande skriftspråket i Europa langt inn i mellomalderen. Svært få nasjonar kan syna fram litteratur på heimemålet. I Norden var ennå runene i bruk, men på grunn av den tungvinte nedskrivingsprosessen er det berre korte vers og setningar som finst frå denne eldste tida, ikkje lengre litterære utgreiingar. Runeinnskriftene er ikkje på latin; dei er tilpassa vårt eige språk, og teikna svarar til lydane og orda våre.

Alfabetet - det latinske - kan vi rekna med kom til Norden saman med innføringa av kristendomen, og vi plar setja denne hendinga til omkring år 1000. Ein rissa ikkje lenger i stein og tre, men ein skreiv med penn på geitehud, òg kalla pergament. Og med innføringa av det latinske alfabetet følgde mange skrifter forfatta på latin, for dei som kunne alfabetet, var skolerte i latin. Latin blei altså i stor monn det europeiske skriftspråket same kva ein skreiv om.

Prosalitteraturen

Island kom til å bli den store litterære nasjonen i Norden i dei første hundreåra etter år 1000. Munkar, særleg frå Irland, hadde ei dominerande stilling på øya, og dei skreiv ned mykje av det som er tatt vare på for etterslekta av islandsk litteratur. Også denne var på latin i byrjinga, men på 1120-talet skreiv Are Frode si Íslendingabók på islandsk. Dette er ei lita historisk skildring av Island og islendingane, og ho fortel om Islands busetnad etter landnåmstida (870 - 930) da nordmenn flykta frå Harald Hårfagre og styret hans og tok land i Island. Landnámabók, som er ei oversikt over slekter og busetnad i Island i dei eldste tidene, kom til å bli eit viktig dokument for seinare sogeskrivarar. Òg denne boka er på islandsk, og i alt 3000 personar og 1400 stader blir nemnde her.

Det som har gjort den islandske og norrøne litteraturen kjend over heile verda, er sogene. Først og fremst tenkjer vi da på islendingesogene. Men av soger har vi tre typar: fornaldarsoger, islendingesoger og kongesoger.
Fornaldarsogene er dei som handlar frå dei eldste tidene - frå tida før landnåmet, og handlinga er ofte lagt til strøk utanom Norden. Vi er i folkevandringstida, og riddarar er nesten alltid fast inventar. Vi møter her det same stoffet som vi skal sjå finst i den delen av eddadiktinga som kallast heltedikt. Fornaldarsogene er anonyme, og dei blei ikkje laga for å gi historisk rette opplysningar eller skildra hendingar på ein påliteleg måte. Nei, hovudføremålet var det same som vi seinare møter for eventyra: å underhalda, å mora. Sidan denne sogegruppa blei rekna for å vera den minst seriøse, var det òg fornaldarsogene som sist blei tatt hand om og nedskrivne. Vi skal hugsa på at alle dei tidlegaste sogene og forteljingane levde på folkemunne heilt til nedskrivinga tok til på 1200-talet.

Islendingesogene blei langt høgare verdsette både av samtid og ettertid. Dei handlar om tida frå landnåmet og fram til om lag 1050. denne tida var i Island prega av uro og strid, og her var mykje stoff å henta for ein som ønskte å fortelja om kampar mellom folk frå ulike landsdelar, kanskje særleg mellom ulike slekter (før kalla ein gjerne denne typen soger for ættesoger), men også om kampar mellom einskildpersonar. Stort sett kan vi seia at nedskrivinga av islendingesogene skjer på 1200-talet og noko tidlegare enn fornaldarsogene, men ikkje alle er samde om korleis denne nedskrivinga skjedde. Grovt sett kan ein seia at det heile dreier seg om to oppfatningar: friprosateorien og bokprosateorien.

Friprosateorien (den folkloristiske) er den eldste, og dei som stør denne, hevdar at dei nedskrivne islendingesogene er identiske med dei munnlege versjonane som vandra land og strand rundt; ein skreiv altså ned dei munnlege versjonane slik dei låg føre, utan å gjera særlege endringar korkje med form eller innhald.
Bokprosateorien (den litterære) er i dag rekna som den mest sannsynlege. Denne teorien går ut på at dei munnlege forteljingane nok dannar det stofflege grunnlaget for nedskrivinga, men at det stod ein sjølvstendig kunstnar, ein romanforfattar, bak sjølve utforminga. På sett og vis kan vi òg sjå denne romanaktige utforminga av sogestoffet i samband med den stadig veksande populariteten som prosaromanen får elles i Europa.
Islendingesogene er prosaverk som på ein realistisk og oftast truverdig måte fortel om samfunnforhold i Island i den urolege perioden rett etter landnåmet. Forteljingane fekk modna seg i munnleg form i ein noko rolegare periode, medan sjølve nedskrivinga av dei skjedde i like farefulle tider som da handlinga gjekk føre seg.
Vi reknar med at 29 islendingesoger blei skrivne ned på 1200-talet, og sjølv om dei nok kan sprika noko både i innhald og form, er det likevel ein god del fellestrekk som vi kan seia er typiske og særeigne for denne gruppa av mellomalderskrifter.

Samtlege islendingesoger er anonyme, og heller ikkje tida for nedskrivinga er nemnd. Anonymiteten har kan henda samanheng med at forfattarane, nedskrivarane ikkje oppfatta seg sjølv som ekte kunstnarar - dei hadde trass alt ikkje vore opphavsmenn til innhaldet i sogene. Vi skal seinare sjå at noko liknande gjeld for forfattarane av eddadikta.

Oversikt over dei 29 islendingesogene som vi reknar med vart skrivne ned i tidsrommet 1200-1300
1200-1230 Heiðarvíga saga
Fostbrœðra saga
Kormáks saga
Hallfreðar saga vandræðaskálds
Bjarnar saga Hítdælakappa
Egils saga Skallagrímssonar
1230-1280 Víga-Glúms saga
Reykdæla saga
Ljósvetninga saga
Valla-Ljóts saga
Droplaugarsona saga
Vápnfirðinga saga
Gísla saga Súrssonar
Laxdæla saga
Eyrbyggja saga
Eiríks saga rauða
Grænlendinga saga
Vatnsdæla saga
1270-1290 Gunnlaugs saga ormstungu
Hænsa-þóris saga
Bandamanna saga
Hrafnkels saga Freysgoða
Njáls saga
om lag 1300
(Truleg omarbeidde frå eldre soger)
Harðar saga Grímkelssonar
Hávarðar saga Ísfirðings
Gull-þóris saga (þorskfirðinga saga)
Svarfdæla saga
Grettis saga Ásmundarsonar
Flóamanna saga

I tillegg til desse har vi ei mengd þættir (sg. þáttr) Dette er kortare, novelleliknande forteljingar.

Trass i mangelen på forfattarnamn for sogene, er det likevel ei soge som etter alt å dømma kan setjast i samband med ein namngjeven person: Egilssoga må vera skriven av same forfattaren som har skrive Heimskringla eller soga om dei norske kongane, og det er semje om at det må vera Snorre Sturlason. Ved hjelp av datateknikk har ein funne ein påfallande lik bruk av visse adjektiv og faste uttrykk (t.d. "eptir um daginn" i staden for "um daginn eptir" = dagen etter) i dei to verka, og denne bruken skil seg ganske vesentleg frå den ein finn i dei andre sogene.
Hendingane i sogene kan ein for ein stor del seia følgjer eit visst mønster: presentasjon av hovudpersonane i striden, utviklinga av striden, høgdepunkt (som regel drap), hemn, forsoning eller fred og til slutt følgjene av striden.
Oppbygnaden av dei forskjellige sogene har altså visse likskapspunkt. Dei startar med ei nøyaktig slektstavle for å plassera hovudpersonane. Kvar ny person blir presentert med ein fast innleiingsformular: "Ein mann heitte …" eller liknande.

Slektstavlene kan vera brukte for å gjera sogene meir truverdige, og for at tilhøyrarane skulle kunna kjenna att dei forskjellige slektene og personane. I mange av sogene er det slekta som er det viktigaste bindeleddet mellom personane. Blei t.d. ein medlem tatt av dage, var det opp til slektningane å gjera opp med ugjerningsmennene. Politi fanst jo ikkje i Island på den tida, og sjølv om ein hadde fått Alltingets avgjerd for at handlinga var straffbar, var det opp til kvar einskild slekt å fullføra straffa. Dermed fekk ein uendelege rekkjer av mord (ukjend ugjerningsmann for handlinga) og drap (ugjerningsmannen vedkjenner seg handlinga), og når slekta på denne måten hemnar seg ved hjelp av drap, kallar vi det for blodhemn. Dette er òg eit karakteristisk trekk ved islendingesogene.

Før ein udåd blir utført, er det som regel ein eller annan som eggjar til strid, og i påfallande mange tilfelle dreier det seg om kvinner. Det er mange døme på at kvinner oppmodar herrane og husbondane sine til drap.
Avgjerder tekne av kvinner får òg ofte ein tragisk utgang. Best kjent er vel dømet frå Njålssoga der Hallgjerd, kona til Gunnar på Lidarende, nektar mannen sin to lokkar av håret sitt slik at han kan gjera i stand bogen sin som er gått sundt. Grunnen til at ho no, medan Gunnar er i ferd med å bli overmanna av fiendane sine, nektar han hjelp, er at han ein gong skal ha gjeve henne ein øyrefik, ein kinnhest. Resultatet er at Gunnar vert drepen.
Trua på lagnaden står òg sentralt i islendingesogene. Livslaupet er bestemt på førehand, og ikkje nokon kan endra dette. Somme tider kan ein i sogene få innblikk i kva som ventar personane i den næraste framtida. Da har dei draumar, og desse blir tydde av kunnige menn. Draumane blir da òg å oppfatta som forvarsel for det som kjem til å henda.

Islendingesogene har òg det kjennemerket at dei ikkje skildrar forhold og tidsrom som har lite å seia for å forstå personane og handlingane deira. Skjer det lite eller ikkje noko med hovudpersonane i ein viss periode, ja, så hoppar ein ganske enkelt over denne; vi kan seia at berre bølgjetoppane kjem med i framstillingane - bølgjedalane har lita interesse.
Av stil og verkemiddel kan ein elles nemna at framstillinga er episk-dramatisk, dvs. at hendingane vert skildra, men at det òg finst rikeleg med samtalar. Desse samtalane kan vera i direkte tale, indirekte tale eller i den sogetypiske halvreplikken, alt etter kor viktig forteljaren meiner utsegna er. Ein avgjerande replikk står i direkte tale, og ein noko mindre viktig som halvreplikk, som vil seia at ei utsegn vert delt i to - ein del i indirekte tale og den viktigaste delen i direkte tale. I Soga om Ramnkjell Frøysgòde står det: "Ramnkjell sa til kona som sette fram til bordet, at ho skulle gå ut i døra - "for det var ein hest som kneggja, og eg tykte det likna på Frøyfakse"." Dei minst viktige replikkane står altså i indirekte tale.

Eit anna trekk ved islendingesogene er at forfattarsynsvinkelen er autoral. Det er den utanforståande observatøren som skildrar - som ei fluge på veggen. Derfor er det berre unntaksvis vi får innblikk i tankar og kjensler hos personane i sogene; vi må vurdera dei ut frå det dei seier og gjer.
Stilen er også prega av fyndord og ein ofte slagordaktig uttrykksmåte, og underdriving er hyppig brukt. I staden for å seia at ein person blir flygande sint, nyttar sogeforfattaren ofte ei formulering som "han vart heller ublid". Dette stilmiddelet vert kalla litotes eller underdriving.
Det motsette, overdriving, kan nok òg brukast, slik som når ein i Njålssoga kan høyra om Kol som talte sølvpengar: "Kåre kjende han att og sprang innpå han med drege sverd og hogg han over halsen medan han stod der og talte sølv, og hovudet sa "ti" som det fauk av kroppen."

I Soga om Gisle Sursson blir Gisle stukken ned, men gjev seg ikkje i første omgang: "Dei stakk da til han med spjuta så innvollane fall ut, men han samla saman innvolane og skjorta og batt om nedantil med reipet."
Framstillingsforma er munnleg, det vil seia at det vert nytta korte, konsise setningar. Paratakse (sideordning) er ordet som vert brukt om ein stil med mange hovudsetningar, og parataktisk stil finn vi mykje av i sogene. (Det motsette, dvs. hyppig bruk av leddsetningar, vert kalla hypotakse (underordning) og brukt meir i lærde, tunge verk.)

Miljøet i islendingesogene er prega av den urolege tida som vert omhandla, og i nokre av sogene aner vi òg ein viss konflikt mellom heidenskap og kristendom. Innføringa av kristendomen blir oftast sett på som ei lykkeleg hending, det å halda fred i heradet blir òg rost, men det er individualisten som blir lovprist og sett opp som eit ideal. Einskildmennesket sine evner og handlingar er avgjerande for æra, og til sjuande og sist er det denne det står om.

Kongesogene er dei som først blei nedskrivne, og i handling tek desse føre seg tida som ligg nærast nedskrivinga. Vi har oversiktskongesoger, som gjev oss eit bilete av dei norske kongane frå dei eldste tidene og fram mot 1200-talet. Den eldste som finst på norrønt mål, er Ágrip frå om lag 1190. Fagrskinna og Morkinskinna (som har namn etter den tilstanden handskriftene var i da dei blei funne) tek òg føre seg same tidsepoken i noregshistoria, nemleg kongerekkja fram til Sverres siger i slaget ved Re i 1177. Også Snorre stoppar ved denne hendinga i Heimskringla. Kvifor stoppar så oversiktssogene ved årstalet 1177? Den mest sannsynlege forklaringa er at sogeskrivarane på 1200-talet hadde byrja skriva samtidskongesoger, dvs. ein tok føre seg ein einskild konge og gav ei inngåande skildring av han. Epokegjerande i så måte er Karl Jónsson som av kong Sverre sjølv vart sett til å skriva kongen si eiga soge. Og det blei så solid gjort at ikkje nokon av dei andre oversiktshistorikarane fann det naudsynt å skriva om kong Sverre på nytt.
Snorres brorson, Sturla Tordsson, har skrive soga om Håkon Håkonsson og dessutan om Magnus Lagabøte.

Snorre Sturlason (1179 - 1241)

Snorre Sturlason
Snorre Sturlason

Den store litteraten i Island på denne tida er utan samanlikning Snorre Sturlason. Oppvaksen i sentrum av hendingane blei han snart ein leiar også reint samfunnsmessig. Han gifta seg til pengar og makt, og da han seinare gjekk i formuefellesskap med den mektigaste kvinna på øya, blei han den mest velståande mannen der og var nærast å rekna som ein herskar.

Når det gjeld den litterære produksjonen hans, så fell denne i tre tydelege avdelingar.
Nemnd er allereie Heimskringla, soga om dei norske kongane fram til 1177. Her skildrar han, meir levande enn nokon annan, livslaupet og leveviset til kongane. Spesielt var han oppteken av Olav den heilage, og før han kring 1230 sette saman Heimskringla, hadde han skrive ei eiga soge om helgenkongen, og denne var meir omfattande enn den versjonen som no ligg føre i samleverket. Likevel utgjer soga om Olav heile 2/5 av Heimskringla. Verket har fått namnet sitt etter dei to første orda i teksten: "Kringla heimsins …" eller "den runde jordskiva". Det står ikkje nokon stad at det er Snorre som har skrive boka, men dei norske omsetjarane på 1500-talet, Peder Claussøn Friis og Laurents Hanssøn, har nemnd han som opphavsmann, og det har det seinare ikkje reist tvil om.
Det er spesielt i dialogane og i personskildringane vi merkar meisteren bak verket. Samtalen er levande, om enn ikkje autentisk, og replikkane som ofte liknar slagord, spikrar seg lett inn i minnet. Personane er "heile", dei er samansette karakterar og har fleire karaktertrekk. I dei andre historiesogene er personane titt flate typar som berre fyllar ei rolle; dei utviklar seg ikkje. Såleis ikkje hos Snorre. Spesielt Olav den heilage veks og blir ein "heil" person for oss. Han er både krigaren og helgenen - ikkje anten - eller slik vi møter han i dei eldre sogene Snorre sikkert har kjent til. Kyrkja har ein versjon av helgenen Olav, medan andre, verdslege kjelder legg vekt på den maktglade slåstkjempa og den omsynslause krigaren. Snorre klarer på ein fin måte å sameina dei to skildringane.
Vidare møter vi Snorre som forfattaren bak Egilssoga. Det er berre i dei siste halvthundre åra at mistanken om at Snorre står bak denne eminente islendingesoga, er blitt stadfesta. Stilistiske særtrekk er blitt avslørte, og ved hjelp av datateknikk har ein kunna måla og samanlikna frekvensen av visse ord og uttrykk.

Det tredje hovudverket hans er Den yngre Edda - eit tredelt verk som inneheld "Gylfaginning" (Gylves narring), ein prosaversjon av gudeforteljingane vi møter i bunden form i Den eldre Edda. Andre delen er "Skáldskaparmál", som er ei innføring i skaldespråket med alle stilistiske spesialitetar. Tredje delen er "Háttatal", der Snorre hyllar kong Håkon og hertug Skule i eit dikt på 102 strofer i 100 ulike versemål. Føremålet med dette verket var å sikra seg at norrøn mytologi, spesielle norrøne stilistiske verkemiddel og norrøne versemål skulle leva vidare. Han la fram, nærast i lærebokform, innhald og prinsippa for form i den norrøne poesien.

Den norrøne poesien

Den norrøne poesien kan delast inn i to hovudgrupper: eddadikt og skaldedikt. Ein stor del av eddadikta (i alt 10 av til saman 13 gudedikt og heile 19 heltedikt) finn ein i eit handskrift som har fått namnet "Codex regius" eller kongehandskriftet. Dette vart funne av biskop Brynjólfur Sveinsson i Island i 1643, og han sende det i 1662 som gåve til kong Frederik III i København. Der har handskriftet vore heilt fram til 1971 da Island fekk levert attende "Codex regius" og "Flateyarbók", handskriftet som inneheld fleire kongesoger, Heimskringla medrekna. "Flateyarbók" er sett saman av blad laga av 100 kalveskinn, så dyreproduksjon og litterær produksjon går hand i hand heilt fram til om lag 1530 da papiret og det første trykkeriet kom til Island. Noreg fekk først trykkeri i 1643, medan Sverige og Danmark hadde hatt frå 1480-talet.

Det kan verka noko underleg at ein så plutseleg skulle finna ei stor skinnbok 3-400 år etter at ho vart skriven og sett saman, men utover på 1300-talet synest den litterære aktiviteten å ha minka ein del i Island. Folk gøymde vekk skinnbøkene sine, ja, etter det Halldor Laxness på 1940-tallet skriv i Islands klokke, så vart blada i desse skinnbøkene brukte til å vøla bukser med og til å putta i sengehalmen for å gjera senga meir makeleg. Når så interessa for å ta vare på det som måtte vera att av handskrifter auka, tok ein til å rota i krokar og krær for om mogleg å finna eitt einaste blad. Det var som å leita etter bitar i eit puslespel, og særleg kjend for innsatsen sin som samlar og ordnar av bitane er Árni Magnússon. Hadde det ikkje vore for det han gjorde, ville mykje av den norrøne litteraturen vore tapt for oss i dag.

Skal vi sjå nærare på forma i den norrøne poesien - både i eddadikt og i skaldedikt - så må vi seia at ho er svært fast. Det galdt spesielle reglar for samanbinding av dei forskjellige verselinjene og for bruken av dei ulike versemåla.
Fornyrðislag er eit versemål på 8 verselinjer med to trykkstavingar i kvar linje og der to og to vers blir bundne saman med bokstavrim (dvs. trykksterke ord med lik førstekonsonant eller ulik førstevokal):

Sól tér sortna
sígr fold í mar (Voluspá, 57)
Dette er det episke versemålet - brukt i forteljande dikt.
Ein variant til dette er ljóðaháttr, som er brukt i læredikt, didaktiske dikt. Dette er på 6 vers, og det kan delast i to halvstrofer. Kvar halvstrofe har 2 trykkstavingar i dei to første versa og dessutan samanbindande allitterasjon eller bokstavrim. Vidare finn vi tre trykk i tredje verset og allitterasjon innanfor denne linja:
en orztírr
deyr aldregi
hveim er sér góðan getr. (Hávamál, 76)

Ikkje sjeldan blei strofene utstyrte med innrim, dvs. at stavingane inne i eit ord rima med stavingane inne i andre ord. (enda - kjende)
Det vi tenkjer på med rim i dag, enderim, er sjeldnare brukt i norrønt, men Egil Skallagrimsson nyttar enderim i Hofudlausn.
Språket er ofte rikt på bilete, og spesielt i skaldedikta finn vi bruk av omskrivingar i stor monn. Det kan dreia seg om heiti, omskriving av eitt ord med eit anna, t.d. ordet "brud" som ofte vert nytta i tydinga "kvinne". Ei kjensle av ein meir poetisk dåm ligg kan hende bak utskiftinga.
Enda meir samansett er kenningen, der eitt ord blir skifta ut med eit fleirledda uttrykk, varierande frå 2 til 7 ledd. Vi kan ha enkle kenningar, som "sverdsvingaren" i staden for "krigaren"; noko vanskelegare er "sverdets sveitte" for "blod" og "brenningshest" for "skip". Komplisert er "den stormfrie bølgja i spjutet til nakkekrøkjaren". Han som bøyer nakken, er oksen; spjutet hans er hornet, brukt som drikkehorn, og den stormfrie bølgja er mjøden. Heile denne kenningen står altså i staden for ordet "mjød". Nokre kenningar er faktisk så innvikla at ein ennå ikkje den dag i dag har greidd å tyda dei.

Desse formelle trekka ved spesielt skaldedikta gjer at versa er svært vanskelege å forfalska eller gjera noko med. Dikta er som kortstokkhus; vert eitt ledd fjerna, dett heile huset saman. Dette skulle tyda på at dikta, slik vi har dei i dag, er i den opphavlege utforminga. Ein legg såleis stor vekt på at det som vert skildra i skaldedikta, er sant, og ein mann som Snorre nemner skaldane som dei viktigaste kjeldene til Heimskringla.
Av eddadikta er gudedikta dei som er mest typisk nordiske. Dei skildrar gudane i den norrøne mytologien, og framstillinga av dei er ofte vittig og lite høgtidsam. Gudane har menneskelege trekk. Dei blir gjort narr av, dei tabbar seg ut og er slett ikkje lytefrie.

Dei mest kjende av gudedikta er Voluspá som m.a. skildrar korleis verda blei skapt, og korleis ho går under, Hávamál, som i første delen er spekka med visdomsord og gode råd for framferd, og þrymskviða, der Tor tar på seg kvinneklede for å få att Mjølner, hammaren sin.

Større distanse til det norrøne miljøet får vi i heltedikta. Som i prosaversjonen, fornaldarsogene, tek desse dikta føre seg personar og miljø frå fjernare tider og stader. Der er ein viss handlingsmessig samanheng mellom dei ymse heltedikta vi har. Sigurd Fåvnesbane går att som hovudperson i fleire av dei. Sett litt på spissen kan ein seia om gudane i gudedikta at dei er menneskelege, medan heltane i heltedikta er gudelege.
Alle eddadikta er anonyme, og dei fleste av dei er sette saman i islandske litterære kretsar.

Skaldedikta veit vi kven som har skrive. Medan eddadiktforfattarane "berre" tok opp stoff som allereie var kjent blant folk og dermed ikkje kjende seg som "ekte" forfattarar som laut syna fram kven dei var, så skulle alle skaldedikt vera nyskapingar når det galdt innhald - skaldediktarane var skapande kunstnarar, og dei kunne derfor namngjevast.

Vi kjenner namnet på om lag 250 skaldar - dei fleste av dei var knytte til kongar og høvdingar. Også nokre kvinnelege skaldar kjenner vi, m.a. Jorunn Skaldmøy hos Harald Hårfagre. Dei eldste skaldane er norske, men etter år 1000 blir det vanlegare å finna islandske skaldar hos dei norske stormennene.
Skaldane sa fram og skreiv fleire typar av kvad: minnedikt og dikt til ære for ein person eller ei ætt; farlegare var det for skaldane når dei dikta nidviser/spotteviser og kjærleiksdikt, for begge desse typane var forbodne etter islandsk lov. Meir improviserte smådikt - ofte berre på ei strofe - blei kalla lausaviser.
Harald Hårfagre er blitt gjort ugløymande for innsatsen han viste under slaget i Hafrsfjord i diktet Hrafnsmál (Haraldskvadet) av Torbjørn Hornklove.

Også Håkon den gode har fått eit storslått verk laga om seg. Øyvind Finnsson, òg kalla "skaldespille", dikta Hákonarmál til ære for han. Men tilnamnet "skaldespille" var ikkje noko heidersnamn Øyvind fekk for dette diktet. Snarare tvert om. "Skaldespille" tyder nemleg "han som øydela skaldekunsten"; Øyvind hadde ikkje følgd spelereglane for god skalde-skikk: han hadde plagiert eit tidlegare verk. All skaldekunst skulle jo vera original. For å løfta Håkon opp til dei høgder Øyvind meinte han fortente å nå, hadde han brukt om att to vers av dei finaste strofene vi har innan eddadiktinga:

Deyr fé,
deyia frændr,
deyr siálfr it sama; (Hávamál, 76 og 77)

Deyr fé,
deyia frændr,
eyðisk land ok láð. (Hákonarmál, 21)

Olav den heilage hadde fleire gode skaldar rundt seg - alle frå Island. Best kjende er Sigvat Tordsson og Tormod Kolbrunarskald. Men Olav var òg sjølv ein brukande skald, og vi har også nokre strofer overlevert etter han.
Skaldane var i den tida ikkje berre historikarar og referentar av nyhende; dei hadde òg høve til å påverka oppdragsgjevarane sine. Det vert mellom anna fortalt om skalden Sigvat Tordsson, som hadde tent hos Olav den heilage, at han fekk avgjerande innverknad på forholda i landet rett etter at Olav var blitt drepen på Stiklestad. Olav sin gudson, Magnus, blei etter nokre år teken til konge, og han ville hemna drapet på Olav, men takk vera overtalingskunsten til Sigvat, legg Magnus vekk hemntankane - noko som fører til at han får tilnamnet "den gode". Sigvat sine ord finn vi i diktet Bersoglisvísur ("Rett-frå-levra"-viser).

Einaren blant skaldane er frilansaren Egil Skallagrimsson, som Snorre har skrive ei soge om. Egil var vanskeleg å ha med å gjera, og han var stadig i strid med norskekongen Eirik Blodøks og særleg med dronninga hans, Gunnhild. Egil har late etter seg tre av dei finaste verka innan skaldediktinga:

Hofuðlausn (Hovudløysinga) er eit hyllingsdikt til Eirik Blodøks. Egil var nær ved å verta halshoggen av kong Eirik og dronning Gunnhild, og berre eit glimrande hyllingsdikt kunne redda hovudet hans. Diktet er ei drápa, dvs. utstyrt med omkvede, og ei drápa er den mest staselege forma for skaldedikt. (Mindre inntrykk gjorde ein flokkr, for han var utan omkvede.)

Egil klarte verkeleg å redda hovudet sitt ved hjelp av dette diktet, men han skyldar stor takk til venen sin, Arinbjørn, for at han fekk i stand avtalen med kongen om å skifta dikt med hovud. Som takk for venskapen dikta Egil seinare Arinbjarnarkviða. Mellom desse to dikta ligg Sonatorrek (Sonetapet), ein klagesong til minne om sonen, Bodvard, som drukna.

Annan norsk litteratur

Den norrøne litteraturen som til no har vore nemnd, har i høg grad vore islandsk. Berre nokre skaldekvad og eit par kongesoger veit vi med visse er norske - dessutan reknar vi med nokre strofer av eddadikta.
Men eitt verk kan vi heilt sikkert seia er norsk, og det er Konungs skuggsiá eller Kongsspegelen, som daterer seg frå om lag 1260, og det er skrive i Bjørgvin.

Verket byggjer på ein samtidig europeisk tradisjon. Det er ein samtale (81 replikkar) mellom far og son, og verket har ein oppdragande eller doserande tone. Det går altså inn i rekkja av didaktiske verk.
Sonen spør om kva for plikter og oppgåver dei ulike samfunnsgruppene har; i føreordet vert det nemnt at ein skal få høyra nærare om kjøpmannen, kongen og hirda hans, dei prestlærte og bonden. Men noko må ha skjedd med forfattaren under skrivinga, for berre dei to første delane ligg føre. Av di innhaldet i dette verket er meir lærd enn t.d. i dei munnlege og spanande islendingesogene, er òg språket prega av ein meir høgtidsam og tung stil. Forfattaren er godt kjend med Bibelen og har stadige tilvisingar til den. Astronomi og andre vitskapar kjenner han òg til. Vi møter dessutan gjenklang frå tankegangen i det mest sentrale didaktiske verket frå norrøn tid, Hávamál. Mange av desse versbundne levereglane er i Konungs skuggsiá omskrivne til prosa:

Fe dør,
frender dør,
en sjølv dør på samme vis;
men ordets glans
skal aldri dø
i ærefullt ettermæle. (Hávamál, 76; omsett av
Ludvig Holm-Olsen)
blir til:
"Kom i hug at mang ein lever berre ei lita stund, men at framferda hans lever lenge etter han, og at det har mykje å seie korleis minnet etter mannen er. For somme blir namngjetne av gode gjerningar, og dei lever stendig etter mannen, og såleis blir heideren hans alltid levande endå han sjølv er død." (Omsett av Alf Hellevik.)

Lovane blir òg rekna til litteraturen frå denne tida, og desse var kjær lesing for folk; dei måtte vita kva for rettar dei hadde, og kva for grenser dei kunne røra seg innanfor. Lovane blei studerte og skrivne av rundt om på bygdene, og kring 1200 var landet delt inn i 4 lovområde, kvart med si lovsamling! Men i 1274 blei lovane frå Gulating, Frostating, Eidsivating og Borgarting slegne saman til ein lovtekst, Landsloven. Kong Magnus Lagabøte var mannen bak denne loven som skulle gjelda for heile landet. Teksten byggjer helst på Gulatingsloven.

Av religiøs dikting frå denne tida har vi ein del forteljingar om Olav den heilage og legendene om han, og dessutan bibelomsetjinga Stjórn. Vidare har vi ei preikesamling, Gammal norsk homiliebok, frå om lag 1200. Denne inneheld preiker til kyrkjelege festdagar, ordna etter kyrkjeåret. Men det er òg sett inn preiker som er utan samband med noka kyrkjeleg høgtid. Desse er fulle av kristeleg-moralsk lærdom og formaning. Ein stor del av teksten er direkte omsetjing av tidlegare latinske verk, men den kjende "Stavkyrkjepreika" må vera norsk. Her vert delane i sjølve stavkyrkjebygningen samanlikna med den kristne kyrkjelyden og med det einskilde kristenmennesket. Det kristne mennesket vert altså sett på som eit Guds tempel.

Hofflitteratur var komen på moten, spesielt under kong Håkon Håkonsson. Han fekk omsett, og omsette visst òg sjølv, underhaldande litteratur frå utlandet og da helst frå Frankrike. Dei omsette riddarsogene blei kjær underhaldning, og ideala i tida blei knytte til dei nye adjektiva "hœverskr" og "kurteiss". Stoffet er henta frå keltisk og bretonsk miljø. Dei franske chansons de geste var grunnlaget for mange riddarsoger.
I same riddarmiljøet blomstra òg kjærleiksforteljingane, og den unge franske diktaren Marie (de France) (om lag 1147 - 89) laga eit hundretals lais eller versnoveller. 11 av desse blei omsette til gammalnorsk prosa og kalla Strengleikar.

Elles er det tydeleg at gammalnorsk litterær verksemd held på å døy ut når vi nærmar oss år 1400. Ein reknar med at dette kjem av to hendingar: Haraldsætta døydde ut på mannssida i 1319. Noreg vart da slått saman med Sverige og Danmark. Og i 1349/50 herja svartedauden og kravde livet til mange nordmenn og spesielt mange av dei skriftkunnige prestane. Ein reknar med at 1/3 av det norske folket omkom under denne pesten.
Det meste av norsk skriftleg verksemd i hundreåra framover avgrensar seg til diploma, dvs. breva, korrespondansen til dei offentlege styresmaktene. I desse merkar ein at det gammalnorske skriftspråket er i oppløysing.
Men den kunstnarlege aktiviteten ligg ikkje heilt nede her i landet likevel. Rundt omkring blir det skapt verk som lever eit tilvære i munnleg form, og som ikkje skal bli skrivne ned før interessa for det nasjonale tek seg opp på 1840-talet.

Til toppen